Finn - til minne

Finn - til minne

Publisert av Stig Dreierstad den 24.02.20.

Finn starta i Kammerkoret etter oppmoing frå Bente, Margrethe og Kari som var kollega av han og høyrde han synge på juleavslutninga på skulen.  Dei fortalte om ein mann med ei fine stemme og snart var Finn på plass i bassrekka med si djupe røyst.  Frå denne dag og om lag 20 år var Finn ein trufast sanger som stilte opp til alle øvinger med få unntak og han gledde seg til kvar einaste øving.  Han var òg med på alle turer, seminar og samlinger med koret.

Finn var ein gledespreder, ikkje minst når han drog fram munnspelet som på båten utover Geirangerfjorden.  Finn hadde stor tillit i koret og var med i styret i fleire år, også som formann.  Han var og med i menighetsrådet i Bjørke og var i koret eit talerør for kirka der.

Finn var ein omsorgsfull og likandes kar og venn som var til å stole på. Sjelden stod stolen hans tom som den gjer i dag.

Vi lyser fred over Finn sitt minne!

(Minneord fra Alf Østrem Eik)